lørdag 8. august 2009
Viglesdalen
mandag 27. juli 2009
Dominikanske Republikk
onsdag 1. juli 2009
"Windsurfing"
Det gjekk heller dårlig. Og eg som hadde vore inne på youtube og sett både ein og to instruksjonsvideor om "how to windsurf". Enn om det kanskje hørres ut som ein klisjè var det rett og slett utstyret si skyld. Brettet hadde me lånt av noken naboar på Jelsa. Dei hadde hatt et lite uhell med det og hadde endt opp med å putta ein trestokk inni masta. Det fekk me veta fyrst litt seinare. Ikkje rart det var tungt å dra opp den mastå!For å strø salt i såret kom det ein hytteturist susande på sitt eget brett. Så viss noken har et brukt seilbrett med seil og mast så ta kontakt!
Dagen blei heller brukt til å få seg litt sol på leggene, ikkje ofta dei ser lys. Eller, det var kun for ei kort tid. Det blei sjølsagt mer rulling. Vegard begynne å bli stødig på rullå nå. Intensiv trening og masse repitisjon gjer susen!

Stilig seil eller?
tirsdag 30. juni 2009
Ny kajakk

Det er God Tur i Bergen som selg glisa, iallefall her i Sør- og Vest-Norge.
Hallvard Torp som av uforståelege grunnar har gått over til Valley Avocet har laga ei framifrå samanlinkningstest av dei to kajakkane, Romany og Avocet. Kanskje noko for deg som lurer på om du også vil ha ein slik kjekk kajakk?

Nytt og gamalt glis, diverre for deg er det gamle allereie solgt..
Forutan at kajakken er fin å sjå på er han laga på beste britisk vis. Mykje glassfiberduk gjer ingen vektfordel, men den tåler mykje! Kajakken er særs manøvrerbar og leken. Det er vel difor eg valte akkurat den. Etter eg fekk min første Romany for fire år sidan har eg berre gleda meg til å kome tilbake når eg prøver andre båtar.
Torbjørn
Meir rulling
mandag 29. juni 2009
Eskimorulle

Var ute og rulla litt på Hildrastranda på Jelsa i går. Prøvde å filme litt, men fant vel fort ut at Justine ligg eit par hestehovud foran meg når det gjeld å utvikle filmteknikk. Prøvde meg med alt frå å legge kamera på botn til å feste det under ein strikk rundt hovudet mitt. Det er det siste resultatet de får sjå her. Som sagt, eg ser at eg har noko å gå på :)
Legg merke til at fekk med ein nokså realistisk avslutning på rullå. Slikt er sjeldan med på dyrare produksjonar...
Sushi
Du treng sån ca. :
Rå fisk (gjerne Salma laks)
Bambusmatte (gjerne ei bordbrikke e.l.)
Sushi ris (Blue dragon)
Risvinedddik (Blue dragon)
Sylta ingefær
Wasabi (ei slags grøn pepparrot)
Tangplater (Blue dragon)
Soyasaus

Her ser du eigenprodusert Sushi maki (skivene) og nigiri.

Ein stolt amatørsushikokk


