Send inn ditt beste padlebilete, premien er eitt gåvekort på eit to dagars kurs med Ryfylke Kajakk.
Valet står mellom grunnkurs og teknikkurs. Du kan også velge om du vil bruke det sjølv eller gi det til nokon andre.
Juryen som kjem til å avgjere vinnarbiletet består av kunstnar og fotograf Kristian Sirnes, mangeårig fotoentusiast Torbjørn Bjelland og friluftsmannen Vegard Nessa.
Reglane er enkle:
- Du kan kun sende inn eitt bilete.
- Du må ha tatt bilete sjølv.
- Bilete må på ein eller annan måte ha med padling å gjere.
- Frist 1.desember.
- Du bør sjølvsagt ha ein småtreffande bildetekst.
- Finalebileta vert publisert her på bloggen, om teknisk ansvarlig for bloggen lærer seg avansert blogging innan den tid kan det hende at vinnaren vert avgjort med avstemning.
- Me får fritt lov å bruke alle bileta som blir innsendt til kva me vil. (Akkurat denne regelen har me kun med fordi me har sett at alle andre seriøse fotokonkurransar har det.)
Send inn biletet ditt
på mail. Hugs ein tøff tittel på biletet og navn og telefon nummer. Vinnaren vert kontakta og publisert 8.desember.
Løkkje til :)