tirsdag 20. oktober 2009

Rockhopperkurs på Bulandet

Då var eg vel heime igjen etter årets StormsamlingBulandet. Måtte tenke over det på vei opp, og kom fram til at dette var niande gongen eg fekk padle i kajakkeldoradoet. I år som i fjor skulle eg halde rockhopperkurs, litt kjipt at Hallvard Torp ikkje skulle vere med, me har haldt ein del gøyale kurs saman. Men med nydelig forhold på laurdagen, med sol, 5m/s og store fine bølger gjekk det slik det måtte gå. For dei som er usikre på kva eit slikt kurs går ut på går det vel litt fram av bileta kva me held på med.. Me var så heldige at den profesjonelle fotografen Lars Grepstad var med på samlinga og durte rundt i ein åpen liten motorbåt medan han knipsa det eine blinkskuddet etter det andre. Me har fått lov å vise dykk nokre av dei fine bileta han tok frå rockhopperkurset:


Oddvin møter veggen..















Litt teknikktrening høyrer med på rockhopperkurset















Odin leiker seg i sidesurf, han blei god!














Meg og Eivind Aadland på vei ut i havet..
Takk til alle de som var med og gjorde denne samlinga heilt toppers! Og til dei av dykk som ikkje var der, skjerp dykk!

søndag 11. oktober 2009

Vinn gåvekort på eitt "to dagers kurs" med Ryfylke Kajakk
















Send inn ditt beste padlebilete, premien er eitt gåvekort på eit to dagars kurs med Ryfylke Kajakk.

Valet står mellom grunnkurs og teknikkurs. Du kan også velge om du vil bruke det sjølv eller gi det til nokon andre.

Juryen som kjem til å avgjere vinnarbiletet består  av kunstnar og fotograf Kristian Sirnes, mangeårig fotoentusiast Torbjørn Bjelland og friluftsmannen Vegard Nessa.

Reglane er enkle:


- Du kan kun sende inn eitt bilete.
- Du må ha tatt bilete sjølv.
- Bilete må på ein eller annan måte ha med padling å gjere.
- Frist 1.desember.
- Du bør sjølvsagt ha ein småtreffande bildetekst.
- Finalebileta vert publisert her på bloggen, om teknisk ansvarlig for bloggen lærer seg avansert blogging innan den tid kan det hende at vinnaren vert avgjort med avstemning.
- Me får fritt lov å bruke alle bileta som blir innsendt til kva me vil. (Akkurat denne regelen har me kun med fordi me har sett at alle andre seriøse fotokonkurransar har det.)

Send inn biletet ditt på mail. Hugs ein tøff tittel på biletet og navn og telefon nummer. Vinnaren vert  kontakta og publisert 8.desember.

Løkkje til :)

Snart Stormsamling



Årets stormsamling nærmar seg med stormskritt.
Det er duka for nok ei frisk helg på Bulandet.
Eg vel å friske dykk opp med nokre bilete frå forrige samling på øya der ute i havet. Eg skal halde rockhopperkurs og reknar med at me får to herlige dagar. Her er ingen grunn til å sitte heime og vente på fleire bilete. Meld deg på, finn fram hjelmen, ta på kajakken og trakt deg litt kaffe til turen.



Dette bilete er mynta på dei av dykk som ikkje fant hjelmen, på Bulandet kan du kome og ta livet med ro. Kjøp med deg niste frå Jokeren og ta turen over til Alden slik meg og Vegard gjorde i vår, før samlinga. Ein tur ein sjeldan gløymer og som ein skulle ynskje ikkje tok slutt.


Og husk - sjå deg ikkje attende..

Algrøyno


Hadde ein liten tur ut på Algrøyno vest på Sotra i dag. Sidan det heile var ein impulstur og eg var åleine, såg ikkje for meg nokre større stunt. Speilrefleksen låg i ein drybag mellom beina og eg tenkte å eksperimentere litt med å ta bileter frå kajakken. Har inntil nå fyrst og fremst tatt det opp når eg har fått fast grunn under beina. Med på turen var eit gullbrød på halv pris og den nyaste vesten frå Astral, The Green.



På veg vestover mot dei etterkvart så kjende holmane og steinkokeriet slo det meg kor fint det er å ikkje høyre noko anna enn ravnesang, bølgeskvulp og stilla. Vel på plass drista eg meg til å ta opp kameraet, strengt tatt øyna eg ikkje akkurat å fanga gullbiletet, men sidan målet med turen var å ta litt bilete måtte det nødvendigvis opp. Ein østlig svak bris pluss litt rotete dønningar frå vest gjorde sitt til at det blei ein del strøm der ute. Mens eg skulle knipsa det som kanskje kunne trigge ein litan blogglesar til å vurdere å ta turen ut var eg komt for langt ut. Eller det vil sei for langt inn. Eg var på vei i retning vest mot England, men inn i ein litt smal kanal kor det tidvis kom meir eller mindre mykje vatn gjennom. Resultatet blei eit småvått kamera og irritasjon over at eg ikkje kunne ta bilete mens eg padla bakover på grunn av dei store dønningane som kom rullande inn og som ville gjort seg som ein liten oppkvikkar på midtsida i "Vi over 60".

Til saken: Den nye vesten er virkelig eit funn. The Green er ein beskjeden liten type, han held seg i bakgrunnen og gjer det han skal. Her er ikkje glitter og glam, her er vest. Eg var litt skeptisk til å prøve han, eg er så veldig fornøyd med min gamle A300. I tillegg er det klart at forventningane rundt vesten sank litt når eg fann ut han var knall rød. Kunne han halde alt det andre han lova? Ja, det gjekk, rett vest. Gullbrødet derimot, det ligg nede i bilen ennå.

onsdag 7. oktober 2009

Elvepadling på Voss

Saman med ein fin gjeng var eg på Voss og padla i går. Først padla me Øvre Strandaelva, kjente det var lenge si eg har padla elv.. Med sludd i lufta og vinterdekk i bagasjerommet var det bare til å hive på seg ekstra ullsett og prøve å halde hovudet varmt i det kalde vatnet. Meg og Hallvard hadde egentlig tenkt å ta turen ut på Sotra og padle der, men med stiv kuling meldt på yr.no valgte me altså ei iskald, men vindstille elv på Voss. Etter å ha varma opp i bilane etter første stykke var me klar for Nedre Strandaelva. Eg har padla den ein gong før, den gong med minimal vannstand. Gamle ørnar meinte at det var svært lite vatn denne dagen. Eg syns det var nok. Vil rette Hallvard Torp ein stor takk for alle bileta. Du finn fleire bilete frå turen og mykje anna fint på bloggen hans og på galleriet hans på Picasaweb.


Her ser du Camilla kruse gjennom første stryk etter Kvernhusen(?). Ho var blitt flink på elva!



Her er meg på vei ned Kvernhusen(?). Usikker på om det er det dei kallar fossen, eg tenkte iallefall ikkje så mykje på det når eg satte utfor. Eg fekk litt hjelp av Ronny til starten slik at eg slapp å risikere å gå ned opp ned.


Røynda må fram, eg trur rett og slett at eg tok litt vatn over hovudet i det eg blei med dei meir erfarne elvepadlarane ned den nedre delen av Strandaelva. Det blei to symjeturar, litt knoting, men allikevel mykje moro! Ein ting er iallefall sikkert ein lærer fort på elva :)

mandag 7. september 2009

Lundsvågen



I helga heldt me grunnkurs for AKER Solutions, ein herlig gjeng.
Me hadde ei fin helg, trass for regn, gode opplevingar i fleng.
Det går an å padle enn om det er kaldt og vinden bles friskt.
Husk berre å kle deg skikkeleg så det ikkje vert nifst!
Truddelidu! Truddelidei! Sann.

lørdag 8. august 2009

Viglesdalen



Her kjem nok eit innlegg som ikkje handlar om kajakk. Det handlar derimot mot frisk luft storslagen natur og forrevne klipper. Me snakkar sjølvsagt om Viglesdalen og Ryfylkeheiene, nærare bestemt Hjelmelandsheia. Dersom du fortsatt har litt tid igjen før jobb og skule bør du vurdere å ta turen opp. 2 timar å gå fra Nes og to fine DNT hytter ligg og ventar på besøk. Dersom du heller går for telt er det nokre nydelege stader ein liten time lenger mot Stakken og Nilsebu. PS: Ta med fiskestang, det gløymte me...

Jarle i fint sprang over elva..

Litt regn på vei opp gjorde ingenting!

mandag 27. juli 2009

Dominikanske Republikk

Akkurat naa sitter jeg i Las Galeras paa den Dominikanske republikk. Har lett etter steder som leiger ut kajakk, men har ikke funnet noen. Har derimot fatt vindsurfa litt og snorkla en del. Livet er fint blant palmesus og karibiske rytmer. Men det blir godt aa faa kommet hjem snart og padle..

onsdag 1. juli 2009

"Windsurfing"

Var ute og prøvde å brettseile i dag. Det gjekk heller dårlig. Og eg som hadde vore inne på youtube og sett både ein og to instruksjonsvideor om "how to windsurf". Enn om det kanskje hørres ut som ein klisjè var det rett og slett utstyret si skyld. Brettet hadde me lånt av noken naboar på Jelsa. Dei hadde hatt et lite uhell med det og hadde endt opp med å putta ein trestokk inni masta. Det fekk me veta fyrst litt seinare. Ikkje rart det var tungt å dra opp den mastå!

For å strø salt i såret kom det ein hytteturist susande på sitt eget brett. Så viss noken har et brukt seilbrett med seil og mast så ta kontakt!

Dagen blei heller brukt til å få seg litt sol på leggene, ikkje ofta dei ser lys. Eller, det var kun for ei kort tid. Det blei sjølsagt mer rulling. Vegard begynne å bli stødig på rullå nå. Intensiv trening og masse repitisjon gjer susen!


Stilig seil eller?

tirsdag 30. juni 2009

Ny kajakk

Som ein observant bloglesar har du kanskje latt deg slå i bakken i begeistring over den vakre grøne og gule kajakken som figurerer på ei rekkje av bileta på denne bloggen. Og du har heil rett; den er vakker. Kajakken er ein NDK Romany (ja, NDK heiter visst egentleg SKUK no - men det bryr eg meg lite om). Kajakkane blir produsert i Det-eingong-så-store-britain, hos SKUK.

Det er God Tur i Bergen som selg glisa, iallefall her i Sør- og Vest-Norge.

Hallvard Torp som av uforståelege grunnar har gått over til Valley Avocet har laga ei framifrå samanlinkningstest av dei to kajakkane, Romany og Avocet. Kanskje noko for deg som lurer på om du også vil ha ein slik kjekk kajakk?


Nytt og gamalt glis, diverre for deg er det gamle allereie solgt..

Forutan at kajakken er fin å sjå på er han laga på beste britisk vis. Mykje glassfiberduk gjer ingen vektfordel, men den tåler mykje! Kajakken er særs manøvrerbar og leken. Det er vel difor eg valte akkurat den. Etter eg fekk min første Romany for fire år sidan har eg berre gleda meg til å kome tilbake når eg prøver andre båtar.

Torbjørn

Meir rulling

I dag var eg og Vegard nok ein tur nede og rulla litt på stranda på Jelsa. Filminga har komt seg eit par hakk og eg fann ut at eg hadde eitt redigeringsprogram på dataen. Eg holdt på å sei takk til Microsoft, men fann raskt ut at det ikkje var rare greiene. Når det er sagt kan eg vel ikkje skulde på programmet, eg har ennå mykje å lære :)





Kanskje du skulle blitt med på eit eskimorullekurs i sommar?

mandag 29. juni 2009

Eskimorulle



Var ute og rulla litt på Hildrastranda på Jelsa i går. Prøvde å filme litt, men fant vel fort ut at Justine ligg eit par hestehovud foran meg når det gjeld å utvikle filmteknikk. Prøvde meg med alt frå å legge kamera på botn til å feste det under ein strikk rundt hovudet mitt. Det er det siste resultatet de får sjå her. Som sagt, eg ser at eg har noko å gå på :)




Legg merke til at fekk med ein nokså realistisk avslutning på rullå. Slikt er sjeldan med på dyrare produksjonar...


Sushi

I vinter prøvde eg sushi for fyrste gong. Det skjedde på Sumo i Bergen og var en særs fin oppleving. Eg veit ikkje kvifor eg ikkje har smakt desse delikate godbitane før, men nå har eg altså blitt bitt av basillen. Nedanfor ser de bilder frå eige sushikjøkken. Det er enkelt å lage sjølv, spesielt er maki enkle å få til. No sist prøve meg og Kristine oss på nigiri , noko som var litt vanskeleg å få til å henge saman. Ved å dyppe handa i kaldt vatn var det enklare å arbeida med risen og enklare å forma risen. Me har brukt laks frå Salma laks på Bømlo, ein særs god fisk. Dei har han iallefall på Meny. Der finn du forøvrig resten av ingrediensane og. Eg seier berre prøv sjølv! Det er heilt rått.

Du treng sån ca. :
Rå fisk (gjerne Salma laks)
Bambusmatte (gjerne ei bordbrikke e.l.)
Sushi ris (Blue dragon)
Risvinedddik (Blue dragon)
Sylta ingefær
Wasabi (ei slags grøn pepparrot)
Tangplater (Blue dragon)
Soyasaus




Her ser du eigenprodusert Sushi maki (skivene) og nigiri.



Ein stolt amatørsushikokk

lørdag 27. juni 2009

Rockhopping

I april hadde eg besøk av Vegard, tradisjonen tru måtte me ta ein tur ut til Firsteinane vest for Hitsøy på Sotra. Sist me var der klarte Vegard å dra seg opp ned over eit skjer før han endte i ein roleg lagune på andre sida. Me var med andre ord litt spente på kva dagen ville bringe. Salaten var lagt igjen heime, her var det oste og bacon grill som stod på menyen, eingongsgrillen låg klar i ei luke og hjelmane var med.



"Det var Valley og det var grill, latter og litt krill, det var sommerfri og sjø og magi"


Vegard tar an litt mer rolig denne gong..

Torbjørn bomma litt..


For ein herlig dag!


Vegard teste ut saltholdigheten i vatnet, mmmm..

torsdag 25. juni 2009

Undervannsfoto

Var ute i dag og fridykka litt på Jelsa, hadde med meg Olympus mju 1030SW.
Prøvde å ta litt bilder, men det var møye alger og grums i sjøen som gjorde det vanskeleg å få til noko skikkeleg. Kamera sleit med å få fokusert.. Det er kanskje lykt som er tingen? Forutan mykje grums såg eg ein liten gjeng med sjøaure som suste forbi, to fjesing, ein skokk med bergylt, rødnebb, blåstål, flyndrer og anna snask. Kom dykk under vatnet folkens og kos dykk ;)


Fine fargar er det iallefall!


Men kva er dette?


Tok ti bilder av denne og dette vart det beste (!) eg må nok øve meg meir...


Tenk at mange bare padlar over dette utan å ense det?!

Torbjørn

Lokøy

Rett før ferien fekk me tid til ein nydelig tur til Lokøy. Ei nydelig øy på vestsida av Sotra utanfor Bergen. Ein herlig retreat etter harde timar rundt kollokvibordet med matematikk og pedagogikklesing...


Strandnelliken stod i full blomst..


Ta det roleg gutar! Det var ikkje berre salat...


Grei utsikt ut i havet..


To nydelige NDK glis..du får kjøpt dei på God Tur..

Torbjørn

Sigma 50-200mm F2.8

Eit par bilete teke med objektivet Bergen kommune var så greie å sponse deler av.


Rullekongen Sander og Gitarkyrre fra Njord Symposiumet 2009:

Vår faste gjest Mr.Fluesmetter heime på Jelsa

Synes iallefall ideen fiskekrok foran bølger var god... det var dessverre ikkje fokuseringa.. Nå er ballen sparka viare..


Nydeleg kvelshimmel over Bulandet - ein av mine favorittstader å padle..


Treng eg seie noke meir?


Konklusjon: Eg er godt fornøyd med linsa og ser fram til å bruke ho meir. Det eg ikkje er så fornøyd med er at det har kome ein død pixel (?) på alle bileta mine for tida. Feilen ligg i kamera har eg funne ut.. Jaja, no ser eg at Nikon D5000 har kome, det får bli med tida... Og kanskje nok ein gong med Bergen kommune på laget.. For spesielt interesserte; alle bileta er tatt med Nikon D40x..
Torbjørn

Ryfylke Kajakk blogger!


Bloggeblog
Så har vi altså slått oss på blogging. Tanken er at vi gjennom bloggen kan inspirere flere til å komme seg ut av sofaen og ut på og i vannet. Vi har lyst å spre padleglede, men også andre interesser. Det kan være foto, brettseiling, kajakkpolo, mat, reiser +++

Så følg med...

For ikkje å starte fyrste innlegg på kun bokmålsk må eg få avslutte på litt nynorsk. Eg seier berre:
"mosen er den trugnaste av alle vekster.." - han der Rasmus Løland var vel ein liten luring han!