onsdag 7. oktober 2009

Elvepadling på Voss

Saman med ein fin gjeng var eg på Voss og padla i går. Først padla me Øvre Strandaelva, kjente det var lenge si eg har padla elv.. Med sludd i lufta og vinterdekk i bagasjerommet var det bare til å hive på seg ekstra ullsett og prøve å halde hovudet varmt i det kalde vatnet. Meg og Hallvard hadde egentlig tenkt å ta turen ut på Sotra og padle der, men med stiv kuling meldt på yr.no valgte me altså ei iskald, men vindstille elv på Voss. Etter å ha varma opp i bilane etter første stykke var me klar for Nedre Strandaelva. Eg har padla den ein gong før, den gong med minimal vannstand. Gamle ørnar meinte at det var svært lite vatn denne dagen. Eg syns det var nok. Vil rette Hallvard Torp ein stor takk for alle bileta. Du finn fleire bilete frå turen og mykje anna fint på bloggen hans og på galleriet hans på Picasaweb.


Her ser du Camilla kruse gjennom første stryk etter Kvernhusen(?). Ho var blitt flink på elva!



Her er meg på vei ned Kvernhusen(?). Usikker på om det er det dei kallar fossen, eg tenkte iallefall ikkje så mykje på det når eg satte utfor. Eg fekk litt hjelp av Ronny til starten slik at eg slapp å risikere å gå ned opp ned.


Røynda må fram, eg trur rett og slett at eg tok litt vatn over hovudet i det eg blei med dei meir erfarne elvepadlarane ned den nedre delen av Strandaelva. Det blei to symjeturar, litt knoting, men allikevel mykje moro! Ein ting er iallefall sikkert ein lærer fort på elva :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar